Gullfalken – tidlause eventyr for håp

Gullfalken av Erna Osland gjev nytt liv til eventyra – for store og for små.

identicon
Tysdag 12. april 2022

I dei ni eventyra møter me mellom anna Ørnejenta, jenta som flytta eit fjell, riddaren som bad om å bli fanga og guten som plutseleg kunne alt.

Trolla byta ut med stigande hav og manglande frisk luft. Heltane i alle desse eventyra er barn og ungdommar. Dei unge heltane vinn, fordi dei er omsorgsfulle, eller veit å verdsetja vennskap og truskap.

Det er ei klok bok Erna Osland har skrive. Som i historia om Gullfalken, der det viser seg at ting ikkje er som prinsen av halvmånelandet skulle tru. Historiene tar ofte nokre uventa vendingar, men som det ofte gjer i eventyra, endar dei godt. Og godt er det.

Eventyra er flott illustrerte av Inger Sandved Anfinsen. Dei er med på å forsterka inntrykket av det verdsomspennande ved boka: eventyra skjer i ørkenen, i ein by, på ei øy og i landet med snø og lange netter.

Det er nok ikkje så lett å få auge på boka for lesarane. Den brunfarga framsida stikk seg ikkje så godt ut i alt mylderet. Men ho fortener å få mange lesarar. Eg tenkjer ho vil passa for høgtlesing for yngre, men kan lesast sjølv av både barn og ungdommar.

I historia om guten som plutseleg kunne alt får me vera med på det magiske som skjer når ein plutseleg kan lesa. For meg vitnar eventyra til Erna Osland om ei tru på litteraturen og håp om ei betre framtid. Eventyra hennar viser at det gode i menneska kan vinna fram.

Bok: Gullfalken. Ni nye eventyr
Forfattar: Erna Osland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2016
Sider: 80
Passar for: 8-14 år

Andre bokmeldingar