Frost

Den verdskjende historia om Anna og Elsa er for første gong kome i ei nynorsk bok.

I starten av historia er prinsessene Anna og Elsa framleis små og lukkelege. Seinare må dei to søstrene vere frå kvarandre på grunn av dei magiske og farlege evnene til Elsa.

For at ho ikkje skal skade andre, reiser Elsa ut i fjellet der ho lagar eit isslott der ho skal bu heilt åleine. Problemet er at Elsa har fanga kongeriket Arendelle i ein evig vinter. Veslesøstera Anna legg ut på ei spennande reise saman med tøffe Kristoffer, reinsdyret Svein og den morosame snømannen Olaf. Kan dei redde kongeriket saman?

Bok:
Forfattar: Disney, omsett til nynorsk av Erlend Tårnesvik Dreiås
Forlag: Disney / Det Norske Teatret
Utgjevingsår: 2023
Sider: 69
Passar for: 6-8 år

Andre bokmeldingar