Mysteriet ved Hangman`s Hill

Som tittelen tyder på, er dette ei spennande forteljing med røter i England.

identicon
Sundag 27. mars 2022

Vi får møte Anna og vennene Siri og Erik, som hjelper til med opprydding i det gamle feriehuset på Vargholmen. Der finn dei eit uskarpt, gammalt svart-kvittfotografi av eit landskap, eit stup ved ei klippe.

Bak på biletet står det Hangman`s Hill, og dei vert nysgjerrige på å finne ut meir om staden og bakgrunnen for biletet. Saman med fotografiet finn dei også gamle brev, adresserte til ei Martha, underteikna Betsy. Breva er sende frå Combe Martin i 1906, og dei skjønar raskt at det handlar om eit gammalt, uløyst mysterium.

Dei tre går i gang med å grave i historia, og får verkeleg fart i sakene då foreldra til Anna går med på å reise til England på vinterferie, og Siri og Erik får bli med.

Boka eignar seg godt for alle som likar å lese om barn og ungdomar som løyser spennande mysterium.

Bok:
Forfattar: Olla Rypdal
Forlag: Olla forlag
Utgjevingsår: 2021
Sider: 173
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar