Spring!

Denne boka inneheld sju korte forteljingar om ein gut som heiter Arild. Han er redd for å lese høgt på skulen.

Når læraren ber Arild lese høgt, så slår hjartet hans fortare. Han vil berre springe derifrå, men kven spring han til då?
I Spring! kan ein lese ei og ei av dei korte forteljingane, eller ein kan lese forteljingane som ei lang historie om Arild. Boka er lettlesen og er illustrert av Per Ragnar Møkleby.
Forteljingane i Spring! er fine å lese åleine eller saman med ein vaksen.

Bok:
Forfattar: Erna Osland
Forlag: Omnipax
Utgjevingsår: 2022
Sider: 76
Passar for: 6-10 år