Gutta i trehuset med 78 etasjer blir filmstjerner

Gutta i Trehuset med 78 etasjer er bok nummer 6 i den populære serien.

Kva ville du ha gjort om du blei fanga av levande grønsaker?

Ein dag i trehuset vaknar Andy og han har bursdag. Han gler seg til å sjå kva Terry har planlagt for han. Andy ser overalt for å finne Terry. Når han finn han, hugsar ikkje Terry at  Andy har bursdag. Andy prøver å få han til å hugse, men han hugsar ingenting.

Litt seinare finn dei på å gå til Pia (ein av deira vener). Når dei kjem der, er Pia og alle dyra hennar sovande! Dei finn ut at det er nokon grønsaker som har gjort det slik! Dei drar til eit slott som dei vonde grønsakene bur i. Dei møter mange farlege feller og levande grønsaker som passer på at det berre er grønsaker som får gå forbi. Andy og Terry kler seg ut, men grønsakene finn ut at dei er menneske! Så blir dei tekne til fange i ei gryte. Og der, rett før dei skal kokast, skjer det noko veldig uventa!

Mi oppleving av boka:

Boka startar morosamt og sluttar veldig uventa og overraskande!

Den blei vanskelegare og vanskelegare å leggje i frå seg!

Eg synest boka var artig, spennande og morosam fordi forfattaren har mykje fantasi og brukar det mykje i bøkene han har skrive. Boka har morosame teikningar og mykje bra og morosam tekst.

Eg anbefaler boka 100 prosent!!

Bok:
Forfattar: Terry Denton, omsett av Hege Mehren
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2016
Sider: 381
Passar for: 7-12 år

Andre bokmeldingar