Lesedigg: Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn

Gler du deg til jul? Om ikkje, er dette boka for å få ekte julestemning.

Her er 24 julehistorier, ei for kvar dag fram til julaftan. Forteljingane er svært forskjellige. Her er dikt, gåter, vitsar, teikneseriar og sjølvsagt historier. Og du kan lese om julenissen, nisseskrekk, julehekser, Santa Lucia, juletre og mange andre ting som gjev julestemning. Forteljingane er nye, og somme er på nynorsk, medanandre er på bokmål.
Framsida er fargerik og glitrande, og det er mange vakre bilete inne i boka også. Nokre tekstar erlengre, medan andre er kortare. Her er det noko for ein kvar smak!

Bok:
Forfattar: Maja Lunde, Tom Egeland, Maria Parr, Agnes Ravatn, Tegnehanne, Gulraiz Sharif, Helene Uri, Bobbie Peers, Frode Grytten, Kari Stai, Ruth Lillegraven, Herborg Kråkevik
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 171
Passar for: 6-13 år