Snillionen

Snillionen er ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik - og samtidig eit godt menneske.

identicon
Fredag 22. april 2022

Arnfinn Kolerud er aktuell med ei ny barnebok.

Ein heilt vanleg dag vinn Frank og mor i lotto. Og då blir sjølvsagt ingen dag vanleg igjen.

Alle i bygda er etter dei tjuefire millionane. Og mor gjer det verre ved å love pengar til den som er snillast. Frank og mor flyktar til Syden. Kor lenge kan dei stikke hovudet i sanden? Kven vinn konkurransen? Og kan det verkeleg ende med at Frank ikkje får ei krone?

Snillionen er skrive på nynorsk og er gitt ut på Cappelen Damm. Romanen er på 232 sider. Ho er ikkje illustrert, og passar godt til barn mellom 9-14 år.

Bok:
Forfattar: Arnfinn Kolerud
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2017
Sider: 240
Passar for: 9-14 år

Andre bokmeldingar