Ein smak av zombie (og litt menneskekjøt)

«En smak av zommer», første bok i den nye serien Egmont Kids Media Nordic-serien «Grusom», er ført i pennen av Tor Arve Røssland.

identicon
Sundag 26. april 2015

Saman med den eksentriske lykkejegaren Savini har 16 år gamle Max sommarjobb som gullgravar i dei gamle gullgruvene på Lykling på Bømlo. Gamle gullgruver som finnast i verkelegheita. Nede i gruvene skjer det skumle saker. Savini forsvinn og kjem attende med mystiske bitemerker. Dei same bitemerka dukkar òg opp på fleire saueflokkar. Ein farsott spreier seg. Er det eit virus?

LES OGSÅ: Zombie-spel inn i klasserommet

Loggførte rapportar frå Z-skvadronen, som er på saka, gjev korte skildringar frå augevitne. Ofte veit dei ikkje kva dei har sett og kva som skjer med kroppen deira. Kor mykje veit eigentleg myndigheitene? Desse spørsmål-svar-sekvensane er eit effektfullt grep som gjev lesaren frampeik ein forstår betre jo lenger ein les.

Og det er nettopp reaksjonane til menneska som er det mest spanande i zombieforteljingar. Zombiane sjølv er jo berre svoltne, vandrande, viljelause lik.

Ikkje uventa er vår helt meir opplyst enn dei fleste andre innbyggjarane på Bømlo.

Røssland har sett for seg invasjonen, og vidareformidlar han med eit effektivt og handlingsretta språk, som lett kunne utspelt seg på eit filmlerret. Forfattaren bak Svarte-Mathilda-serien meistrar sjangeren skrekk for ungdom.

At Max relativt nyleg var vitne til ei ulukke der faren omkom er eit klisjéaktig grep, som historia hadde greidd seg godt utan. Slike kjensler kjem liksom ikkje heilt til sin rett i møte med zombiar. Kjærleikshistoria mellom Max og Sofie er eit anna element som treng litt tid på å varmast opp og smeltast inn i heilskapen. For innpakninga lovar zombiar, og alt tyder på at det er det lesarane som plukkar opp denne boka vil ha.

Underteikna tykte faktisk det var litt zombiemangel i byrjinga av boka, men utan å røpe for mykje, så kjem dei etterkvart.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Og Røssland sparar ikkje på gørra: «Det vrengte seg på innsiden av Max da han så zombiene rive hodet av Magne og spise opp ørene hans.» Dei røskar ut innvolar, tarmar, hjarte og lunger. Det er grusomt. Heldigvis reagerer karakterane på det dei ser, og verkar prega i ettertid.

Det er ingen som ropar «Zombie!», med det same. Me må nesten ein tredel ut i boka før Max kviskrar ordet. Helten vert heller ikkje zombieekspert med det same dei invaderer kommunen hans. Det er ikkje sjølvsagt at ein veit med det same at hjernen må knusast, om dei kan symje eller om dei kan dø av seg sjølv. Og korleis forklarar ein alvoret i ein zombieinvasjon på telefon?

Tor Arve Røssland sine zombiar er tru mot dei me allereie kjenner, med unnatak av nokre som er raskare, sterkare og til og med smartare enn dei andre: Superzombiar.

Les heile bokmeldinga på Framtida.no!

Bok: En smak av zommer
Forfattar: Tor Arve Røssland
Forlag: Egmont Kids Media Nordic
Utgjevingsår: 2014
Sider: 142
Passar for: 10-15 år

Andre bokmeldingar