Familien Gnork 

Dette er ei ellevill historie om fotball, venskap, flygande blåkvalar, edderkoppjakt og naturmedisin. Forteljinga er full av action og humor, men handlar også om Tom som saknar bestevennen Martin, som har blitt alvorleg sjuk og hamna på sjukehus. Heldigvis dukkar Kompis Gnork opp saman med den noko uvanlege familien sin.

Familien Gnork har ein hemmeleg plan, og utan å røpe for mykje vert det vanskeleg for både erkefienden Preben på Klyselaget og den rike faren hans. Vil Tom og Kompis greie å vinne fotballkampen?

Boka er lett å lese og har mange bilete.

Bok: Familien Gnork
Forfattar: Thoralf Fagertun
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 184
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar