Polititjuven

Dette er ei teikneseriebok som handlar om Kjell og Pølse-Per. Dette er den andre boka i serien.

I denne boka møter vi også Politijenta Perit, som har flytta til byen i lag med familien sin. Ho skal starte i klassen til Kjell og Pølse-Per, og på ein overnattingstur i skogen, prøver Perit å stele Pølse-Per frå Kjell. Perit vil ikkje vere ven med ein tjuv, men ho vil ha Pølse-Per som ven. Kjell og Perit startar å krangle om å vere venen til Pølse-Per, og dei merkar ikkje at Pølse-Per plutseleg har forsvunne.

Boka er spennande å lese, og har flotte teikningar.

Bok:
Forfattar: Marianne Gretteberg Engedal
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 41
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar