«Det Sara skjuler»: Når livet blir snudd på hovudet

Det Sara skjuler er skriven av Kathrine Nedrejord som tidlegare har skrive to ungdomsromanar.

I denne boka skriv ho om Sara som har blitt valdtatt. Heile historia blir fortald frå bestevennen, Lajla, sin synsvinkel, som prøver så hardt ho kan å finne ut kven valdtektsmannen er.

Det heile startar med at Sara bankar på soveromsvindauget til Lajla seint på ein laurdags kveld. Sjølv om Lajla veit at det er Sara som nettopp har klatra inn vindauget hennar, så er det samtidig ikkje ho. Ho er tom i blikket og heile tida på vakt. Uansett kva Lajla seier så vil ho ikkje fortelje kva som har skjedd.

Sara byrja å skulke skulen. Sjølv om det alltid var Sara som var så nøye på fråversgrensa og å få gode karakterar, så er plutseleg heile livet hennar snudd på hovudet. Etter ei stund finn Lajla ut at ho har blitt valdtatt. Sjølv om ho har lovd Sara å ikkje blande seg så klarer ho ikkje å la vere. Personen som har gjort dette skal ikkje få sleppe unna.

Denne boka har eit veldig viktig bodskap. Det er at uansett kven dette skjer med så blir livet deira heilt annleis. Både for personen sjølv og for dei rundt. Noko som eg likte veldig godt var at det var mykje spenning heilt frå starten. Det var lett å henge på heile tida og det var vanskeleg å leggje frå seg boka. Den har gode skildringar og personane er truverdige. Eg syns Nedrejord har skrive ei interessant og god bok om eit veldig viktig tema. Eg trur boka passar for ungdommar mellom 13 og 17 år.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Nora Hellebust her: – Ei god bok må ha litt humor

Bok: Det Sara skjuler
Forfattar: Kathrine Nedrejord
Forlag: Aschehoug
Utgjevingsår: 2019
Sider: 158
Passar for: 13-15 år

Andre bokmeldingar