Pølsetjuven

Morosam, tankevekkande, prisvinnande og artig bok.

identicon
Laurdag 26. mars 2022

Familien til Kjell er tjuvar, men Kjell har ikkje lyst til å stela ting frå folk. Det einaste han stel, er ting som ingen eig lenger. «Å plukke søppel er ikkje å stele, det er å rydde. Tjuvar ryddar då ikkje», seier mor hans oppgjeven.

Det heile toppar seg når venen til Kjell, Pølse-Per, dreg på ferie. Då krev familien at Kjell skal vera med og stela frå huset til pølsefamilien.

Men må Kjell vera ein tjuv, berre av di familien hans er tjuvar?

 

Sjå intervju med forfattaren her:

 

Bok:
Forfattar: Marianne Gretteberg Engedal
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 42
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar