Floke 3 – verdas ende

Floke 3 – verdas ende er den siste av tre teikneseriebøker om Floke Skrufson, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd.

I dei to førre bøkene fekk Floke i oppgåve å redde verda frå å bli utsletta, også kalla Ragnarok. Han er på ei lang reise for å varsle guden Odin om at verdas ende er nær. I denne siste boka kjem Floke og vennene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane.
Boka er kjekkast å lese dersom ein har lese Floke 1 og 2 frå før. Det kan også vere ein fordel å kjenne til nokre av gudane i norrøn mytologi.

Bok:
Forfattar: Ida Eva Neverdahl
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 149
Passar for: 8-13 år

Andre bokmeldingar