Ørnerovet på Leka

Kva ville du ha gjort om du hadde blitt tatt av ei ørn?

Boka handlar om ei jente på 3,5 år som heiter Svanhild og blir tatt av ei ørn. Det blir ein stor leiteaksjon, men det er nokre ungdommar som begynner å leita i fjella. Dei finn henne på ei fjellhylle. Sjangeren er drama. Boka startar sakte med at Svanhild leikte med skjel. Boka sluttar som eg hadde forventa.

Boka var litt vanskeleg å legga frå seg. Eg synest at boka er spanande, fordi det er litt rart at ei ørn tar ein unge. Andre bør lesa boka fordi den er veldig spanande.

Bok:
Forfattar: Bente Roestad
Forlag: Damm
Utgjevingsår: 2006
Sider: 66
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar