Ninjana. Den sakna turisten

Dette er den andre boka om Ninjana, ninjaen frå Setesdal.

Ho bur saman med mormora si i ei hytte på fjellet, og ingen kan nokon gong få vite at dei eigentleg er ninjaer. Ein kveld oppdagar Ninjana ein svartkledd skikkelse som snik seg opp mot hytta der dei bur, og Ninjana bestemmer seg for å finne ut kven denne mystiske mannen er. Samtidig er ein turist sakna i bygda, og lensmannen gjer alt han kan for løyse denne forsvinningssaka.

Men Ninjana er overtydd om at dette slett ikkje er ei sak for andre enn Setesdalen sin eigen ninja. Vil den sakna turisten kome til rette? Og kven vil i tilfelle klare å finne han?

Bok:
Forfattar: Karin Moe Hennie (omsett til nynorsk av Sigrid Hesjvoll)
Forlag: Tegn forlag
Utgjevingsår: 2021
Sider: 84
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar