«Flukten til verdens ende»: Høgt tempo og mykje action

Flukten til verdens ende er første bok ute i serien Agent Elvin Griff av Arne Svingen. Boka er illustrert av Eivind Gulliksen.

Flukten til verdens ende er ganske lettlesen med teikningar gjennom heile boka, og stor skrift. Boka er passande for barn som likar actionfylte bøker om vennskap og mot, og egnar seg bra for aldersgruppa 8 til 11 år. Boka har ein ganske brå start, som gjer at lesaren får ikkje så mykje informasjon om hovudpersonen og situasjonen, men det gjer deg også meir engasjert til å lese vidare, og finne ut meir. Slutten av boka er også ganske brå, og du kan bli litt overraska over at boka faktisk er slutt, noko som kan få deg til å krible etter ein oppfølgjar.

Elvin Griff er på en restaurant, utan foreldelra sine. Da oppdagar han noko mistenkeleg. Myndigheitene er etter han. Han får seg unna, og går på bussen, der han går av på endestasjonen Endevik. Der møter han mobbarar og fleire som er ute etter han. Han får seg også ein hemmelegheitsfull ven, Lydia.

Elvin må rømme frå myndigheitene, overliste slemme gutar, og etter kvart oppdagar han at to er betre enn ein. Ute i boka får du den informasjonen som burde vært i starten: kven Elvin Griff er, kvifor han er åleine og kvar han kjem frå.

Flukten til verdens ende held høgt tempo og action-nivå heile vegen. Hovudpersonen er tøff, modig og godhjerta, noko som gjer at du få tru på han og heier på han. Elvin Griffs løyndomar er spanande i seg sjølv, og det gir boka eit ekstra pluss. Denne boka kan verkeleg være fengande for mange uansett interesser og om du er gut eller jente.

Arne Svingen og Eivind Gulliksens samarbeid har resultert i ei lettlesen, actionfylt og spanande bok for barn.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy

Bok: Flukten til verdens ende
Forfattar: Arne Svingen
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2019
Sider: 115
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar