Norske sjørøvarar

Har du høyrt om Kaptein Krok, Jack Sparrow eller Kaptein Sabeltann? Kva med papegøyar, trebein og svarte flagg med hovudskallar?  

Sjørøvarar møter ein både i filmar, bøker og skodespel, og dei held ofte til i det eksotiske Karibia. I denne boka, derimot, møter vi vaskeekte norske sjørøvarar.

Sjøfart har vore viktig for Noreg langt tilbake i tid, og det viser seg at vi også har sjørøvarar! Eit av kapitla handlar til og med om norske piratjegarar frå 2010!

Likevel er det nok mest historiske personar som har vore sjørøvarar, vi møter i boka.

Boka har fargerike bilete teikna av Kristian Krohg-Sørensen, og eignar seg for den som er interessert i fakta om ekte sjørøvarar.

Bok:
Forfattar: Anders Totland
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2022
Sider: 66
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar