Berre mor og Ellinor

Ellinor og mor bur saman i eit hus nære sjøen.

Dei lagar sushi, teiknar og drikk kakao med chili. Det er berre mor og Ellinor som bur i lag. Av og til vert mor så sliten at ho må legge seg på sofaen for å kvile seg. Andre gongar er ho trist.
Ein dag fortel Ellinor til venninna Stine at mor alltid er lei seg om kvelden, og med ein gong ho harsagt det, angrar ho. Hadde ho lov til å seie det? Nå kan ho ikkje ta det attende…
Berre mor og Ellinor er ei fin bok om å bu saman med ein forelder, og om å halde på ein løyndom.

Bok:
Forfattar: Ingrid Z. Aanestad , Sunniva Sunde Krogseth
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2022
Sider: 56
Passar for: 6-9 år