Keeperkongen
Barcelona-gjengen bok nummer 3.
Aleksander kan verkeleg ikkje fordra å vere keeper. Han er van med å briljere på bana, han trivst best i nærleiken av målet til motstandarane. Men på Komet IL byter dei på å stå i mål, og no er det hans tur. I eige mål er Aleksander ei håplaus kløne. Han kan ikkje bruke armane.
Heldigvis skal dei få hjelp av den beste målvakta som laget har hatt gjennom alle tider – Keeperkongen.
Kanskje Keeperkongen kan lære Aleksander eit triks eller to? Kanskje ho kan få han til å bruke hendene på ballen?

Bok:
Forfattar: Atle Berge
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 36
Passar for: 6-12 år