Verdens Verste Fotballag – topp humor!

Kva ville du ha gjort om du spelte på skulefotballaget og du hadde verdas VERSTE trenar?

Boka startar ganske brått på, men på ein morosam måte. Kent og Ruben går på ein ganske sinnsjuk skule…

Ruben og Kent er med på skulefotballaget. Dei skal òg spela i den årlege skuleturneringa. Dei fann fort ut at dei ikkje kunne ha rektor som trenar i skuleturneringa, så dei sende han på ein romantisk date med motstandarens trenar/rektor og den planen blei jo veldig….

Boka sluttar sånn som eg forventa.
Boka var eigentleg ganske vanskeleg å leggje frå seg.
Boka var morosam, artig og spennande.

Det beste med boka var nok fantasien til forfattaren.
Eg synest andre bør lesa boka, den var knallgod!
Humoren var på topp!

Bok: Verdens Verste Fotballag
Forfattar: Marius Horn Molaug
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2018
Sider: 98
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar