Kåre og Marimba hjelper til

Kåre og Marimba hjelper til er ei artig og underhaldande bok om to barn som uvitande vert med ein tjuv på ferda hans gjennom byen.

Kåre og Marimba kjedar seg, og dei bestemmer seg for at dei skal hjelpe den fyrste personen dei møter på sin veg. Bak ein hekk ser dei Torsten, som strevar med å klippe av ein sykkellås, og dei spør om han vil ha hjelp. Torsten vil helst ikkje ha noka hjelp, men det stoppar ikkje Kåre og Marimba. Kva er det eigentleg dei vert med på, og kan det vera at Torsten ikkje seier den heile sanninga?

Kåre og Marimba hjelper til er ei artig og underhaldande bok om to barn som uvitande vert med ein tjuv på ferda hans gjennom byen. Illustrasjonane er rampete og fulle av humor, og denne boka får ein lyst til å lese mange gongar!

Bok:
Forfattar: Markus Lantto
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 33
Passar for: 6-8 år

Andre bokmeldingar