Jenny Fender

Likar du røffe gitar-riff, svarte T-skjorter og rock and roll? Lyttar du til høg musikk og prøver å få til ein kul sveis? Veit du kanskje kva ein Fendergitar er?

Det gjer i alle fall Jenny Fender, ein alt anna enn roleg og forsiktig sjetteklassing. På bussen heim frå leirskule viser ho heile klassa kor tøff ho er, saman med bestevenninna Signe Casio.

Boka passar godt for born i alderen 9–12 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys. Ein fin ting med denne boka er at kvart kapittel har sitt eige lydspor, så har du ein Spotify-konto, kan du lytte til musikk som høver til dei ulike kapitla.

Høyr lydsporet før du les kapittelet, så kjem du i rett stemning! Kanskje finn du noko musikk du ikkje har lytta til før?

Bok: Jenny Fender
Forfattar: Heidi Marie Vestrheim
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2023
Sider: 208
Passar for: 9–12 år

Andre bokmeldingar