Operasjon Mørkemann
Har du nokon gong hatt ei mystisk og skremmande oppleving?
Denne boka handlar om to detektivbarn som fann mange hol i bakken på Elvestad. Det var nokon som hadde grave dei hola. Dei prøvde å finne ut kvifor dei hadde grave hola og kven som hadde grave hola.
Boka startar med at Oliver og Tiril sykla fort og på ein flat bakke. Plutseleg bremsa Tiril, og
Oliver sykla fort forbi. Oliver flaug opp i lufta og datt ned ved sida av eit stort hol. Det var eit veldig sjokkerande vendepunkt.
Boka hadde ei veldig fin og god avslutning.
Boka fekk meg til å tenkja på at me må vere forsiktig med å dømme for det er ikkje alltid vi veit alt. Eg synest at det var ei veldig bra bok og veldig gøy. Den føltest så lang når du las den, men eg kunne ønskje at boka var endå lengre. Eg synest at andre burde lese denne boka fordi den er kjempekjekk!
Sjangeren er spennande, mystisk, skummelt og gøy.
Bok:
Forfattar: Jørn Lier Horst
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2016
Sider: 99
Passar for: 6-10 år