Villheks 1: Eldprøva – spennande og god fantasy

Villheks 1: Eldprøva er ein svært spennande start på ein skikkeleg god fantasy-serie!

identicon
Torsdag 24. mars 2022

I den første boka i Villheks-serien blir me kjent med Clara. Ein ganske vanleg 12-åring, skulle ein tru. Heilt til ho oppdagar at ho har arva heksekrefter som ligg i slekta. Dei kjem ikkje frå mora, og mora skjønar fort kva som er på ferde, og køyrer dottera til eit hus langt inne i skogen. Der bur Isa, Clara si tante. Ho er villheks, og lærer Clara opp i heksekunstene.

Ho må overvinna farlege situasjonar, kjempa for rettferd og læra å stola på seg sjølv og andre. Og for all del – passa seg for den farlege Kimæra!

Likar du gåsehud, spenning og fantasy? Då er dette boka for deg!

Bok: Villheks 1: Eldprøva
Forfattar: Lene Kaaberbøl (omsett til norsk av Øystein Rosse)
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2012
Sider: 146
Passar for: Frå 10 år

Andre bokmeldingar