Harry og Ivar finn opp krutet

Harry og Ivar er to karar i beste alder. Dei bur i eit lite tømmerhus ute i skogen, men huseigarinna vil selje tømmerhuset til banksjefen. Harry og Ivar jobbar ikkje så dei har ikkje mykje pengar å leve av. For å kjøpe tømmerhuset før banksjefen gjer det, melder dei seg på ein oppfinnarkonkuranse, utan å ha ein einaste idé.

Eg likte godt boka fordi den er morosam og litt spanande. Eg synest ikkje at boka manglar noko som helst. Den har sidetal, illustrasjonar osb. Dette er litt av ei god bok, tenkjer eg.

Forfattaren heite Lars Mæhle og er født 6. januar 1971. Han er ein norsk forfattar, særleg av barne- og ungdomsbøker. Han har hovudfagseksamen i litteratur og har jobba som redaktør. No er han forfattar på heiltid. Han har tidlegare gitt ut boka Keeperen til Tunisia i 2002.

Eg vil anbefale denne boka fordi den er bra, morosam og litt spanande. Eg tenkjer at boka passar til jenter og gutar frå 8-12 år. Eg gir denne boka terningkast 6.

Bok:
Forfattar: Lars Mæhle
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2003
Sider: 105
Passar for: 8-15 år

Andre bokmeldingar