GranittGutta. Dronemysteriet
Action, gaming og humor.
Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen, den minst actionfylte gata i heile Kramsvik. Dei to har vore venner alltid, er nesten naboar og elskar å spele data.
Mellom husa til Frank og Kristoffer bur gamle fru Syvertsen, og ein dag blir ho fråstolen noko verdifullt. Dei to gutane har lagt merke til fleire uvanlege ting i gata, og startar å nøste i dei lause trådane. Kven kan stå bak tjuveriet, og kvifor?
Her er nøyaktige gamingskildringar og dronespesifikasjonar, i tillegg til mellommenneskeleg varme, eit stødig vennskap og rettferdssans. Ønskjer du ei bok heilt fri for intrigar og uvennskap, men med action og humor, er Dronemysteriet boka for deg.

Bok:
Forfattar: Svein Jarle Åbrekk
Forlag: Svein Jarle Åbrekk
Utgjevingsår: 2020
Sider: 126
Passar for: 9-12 år