God dag, herr Jul

Varm og god juleforteljing.

I denne boka møter vi Malin og veslesystera Molla, som skal prøve å feire jul i eit hus som dei akkurat har flytta inn i, i lag med ei mor som synest at jula berre er dyr og slitsam. Det nye huset deira ligg i ei gate der gatelyktene ikkje fungerer, og i nabohuset bur det ein veldig einsam person, og så ei heks, eventuelt. Om det stemmer, det som dei høyrer på skulen. Men, alt er ikkje trist likevel. For eksempel så blir den einsame naboen invadert av juletre som ingen veit kvar kjem frå. Og så har vi den forunderlege onkel Thor, som er tidlegare emissær og eventyrar.

Her er julebodskapen sett inn i ein samanheng der ting er litt merkelege og rare. Det er ei varm og god forteljing, som på ein triveleg måte seier ting rett ut, men som ikkje svarer på alle spørsmåla.

Bok:
Forfattar: Laura Djupvik
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2014
Sider: 170
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar