På samme lag

Boka På samme lag er absolutt til å anbefale!

Søstrene Andrine og Ada Hegerberg har hovudrollene i boka som er ein del av ein serie foreløpig beståande av to bøker: På samme lag og 2+2=5.

Eg synest dette var ei lærerik og spennande bok, med eit snev av noko trist i nokre hendingar.

Å høyre lydbok-utgåva av boka synes eg var veldig kjekt, men å lese papirbok-utgåva var ei magisk oppleving. I boka er det ikkje mangel på bilde, så boka er strålande som høgtlesingsbok!

Jentene spelar fotball på høgt nivå i dag, og i boka skildrar Ada og Andrine opplevingane sine ved å flytte til Sunndalsøra. Begge jentene har store håp for framtida.

Ada ønsker seg så veldig ein hund, medan Andrine veldig gjerne vil spele mot Rival.
Trur du Ada får hund? Kva med Andrine, då? Får ho spele mot Rival?

Les boka så finn du svaret!

Bok:
Forfattar: Ada Hegerberg, Andrine Hegerberg, Harald Rosenløw Eeg
Forlag: Bonnier Norsk Forlag AS
Utgjevingsår: 2022
Sider: 149
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar