Flokken

Boka er fortald på ein veldig fin måte. Det er som om det er henta frå eit ekte liv.

Boka handlar om Juri som er 10 år gamal. Han hamnar i triste, men òg litt
dumme situasjonar.

Blant anna må Juri må ofte ta eit val. Han bruker ofte litt tid på å bestemme seg for kva han bør gjere. Han gjer ofte det rette til slutt, men han gjer òg litt ting han ikkje burde gjere.

Sjølv om her er mange alvorlege tema, er det òg mykje morosamt.

Boka er fortald på ein veldig fin måte. Det er som om det er henta frå eit ekte liv. Den er koseleg å lese i lag med ein vaksen fordi det er mykje å snakke saman om.

Boka er så bra at eg kjem ikkje på noko som kunne gjort ho betre.

Flokken er ein frittståande oppfølgjar til romanen Passe happy frå 2021.

Bok:
Forfattar: Kari Stai
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2025
Sider: 131
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar