Landet under isen – mytisk fantasireise

Vil Leo Rubin klare det store oppdraget? Svaret får du i den fengande fantasyromanen "Landet under isen".

Lars Mæhle fekk Kulturdepartementets pris for beste barne – og ungdomsbok i 2009 for fantasyromanen Landet under isen. Boka på heile 540 sider vart også nominert til Brageprisen. Og det er vel fortent.

Mæhle har nemleg skissa opp eit både mytisk og komplekst landskap. Og ei historie du ikkje klarer å legge frå deg før boka er ferdig.Handlinga er lagt til den vesle bygda Smalvik. I bygda som ligg pakka inn i den mystiske svarte røyken har det forsvunne urovekkande mange personar dei siste åra. Då lesaren kjem inn i historia vert førstebetjent Magne Jerstad frå Kripos kalla ut på oppdrag for å etterforske det han trur er drapet på fire ungdommar som har vore sakna eitt år.

Men Jerstad tek feil når han slår fast at dette er ei drapssak. Snart viser det seg at dette handlar om noko mykje mørkare og meir komplisert.

I boka fortel forfattaren to historier parallelt, utan at det vert verken unaturleg eller forvirrande. Samstundes som me fylgjer Jerstad i etterforskinga vert me nemleg også tatt med eit år attende i tid for å oppleve kva som eigentleg skjedde då Den utvalde Leo Rubin tok til på ferda inn i Landet under isen.

Leo går på ungdomsskulen i bygda og lever saman med besteforeldra sine. Ein dag byrjar det to nye elevar i klassen som Leo vert ven med. Etter kvart viser det seg at dei nye venene Maria og Duban er sendebod frå Landet under isen, eit gløymt land under isbreen som Leo berre har høyrt om før.

Røyken som siv ut frå det gøymde landet er i ferd med å øydeleggje Smalvik, og Maria og Duban er komne for å hente Leo. Det er nemleg han som er Den utvalde, og som kan redde verda frå Den svarte Munken, munkekattane og det evige mørkret.

Lars Mæhle klarer å fange lesaren tidleg i den dramatisk historia. Vil Leo klare det store oppdraget? Vil me få vite kven Den svarte Munken eigentleg er? Og kor er dei sju protokollane, vil Leo finne dei? Eit godt og levande språk driv historia og lesaren framover.

Fantasyromanen speler på mange mytiske, religiøse og historiske referansar. Ikkje minst tilhøyrer dei tre stammane som bur i Landet under isen religionar som liknar veldig på kristendom, jødedom og islam. Dei har alle den same stamfaren og den same store fienden i Den svarte Munken, men dei klarer likevel ikkje å leve i fred med kvarandre.

Landet under isen er ei spanande ungdomsroman om å finne sanninga, og om å tru på seg sjølv og eigne krefter. Og det er historia om kampen mellom det onde og det gode, kven vil vinne til slutt?

Bok: Landet under isen
Forfattar: Lars Mæhle
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2009
Sider: 543
Passar for: 11-15 år

Andre bokmeldingar