Engel i snøen

Varm, trist og fin lettlest undringsbok for ungdom og vaksne.

Engel i snøen er den første Anders Totland har skrive for ungdom.

Det er ein lettlest roman, som tar deg om lag ein halvtime å lesa. Styrken i boka ligg i språket, dei nøkterne skildringane – og det som ikkje blir sagt.


Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen.
Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla.

Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk.

Nokon har snart bursdag.
Nokon skal snart døy.

Ein forstår raskt at me er på eit sjukehus sjølv om det aldri blir nemnt konkret. Me forstår også at «Eg» er sjuk, og etterkvart alvorleg sjuk. Det er små ymt og det som ikkje blir sagt som driv historia fram.

Mennesket blir samanlikna med snøkrystallar: «Dei kjem liksom ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle».

Det blir stilt fleire spørsmål ved livet og om kva som kjem etterpå. Om kva er døden, og om det finst ein Gud? Det er død på alle kantar. Mora til «eg» er død, ein bestefar døyr og ei venninne døyr. Men det er også eit piano og musikk. Eit håp. «Eg» lærer å spele piano, og songen Here comes the sun av Beatles er ei fin kontrast til alt det triste. Vennene i boka er berre skuggar. Om det er noko eg saknar, så er det meir dialog mellom venner på alderen til «Eg».

Mor til kompisen Jonas er prest, og blir ein viktig samtalepartnar for «Eg» om livet og døden. Dette er god dialog og fine refleksjonar utan klare svar. Det er med på å gjera boka godt eigna som utgangspunkt for samtalar om nettopp desse store spørsmåla i livet.

Slutten garanterer tårefylte auge. Anders Totland har skrive ei varm og fin lettlest undringsbok for ungdom og vaksne.

Bok:
Forfattar: Anders Totland
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2016
Sider: 80
Passar for: Frå 12 år

Andre bokmeldingar