Bomulv – om uventa vennskap og om det å vera modig

Bomulv er ei biletbok som skildrar store spørsmål om livet. Kor høyrer eg til? Kven kan vera venen min?

identicon
Tysdag 19. april 2022

«Du er ikkje ekte, du er ikkje som oss, ropte Storekjeften etter han»

Bomulv er ein ulv som ikkje kan ule og han har ein annan farge enn dei andre i flokken. Erta blir han av dei andre ulvane.

«Kvar gong dei lo, kjente Bomulv seg meir einsam. Som om det var natt i hjartet»

Men det er han som torer å oppdage andre sida av skogen. Han dreg ut på ei reise for å finne ulv som er lik han. Men det er sauen Stig som først dukkar opp med sauestiren sin.

Bomulv blir med eitt særs svolten på dei kjøtfulle sauelåra. Da kjem sauen med tilbod om bli vener. Da bestevennene blir satt på ei prøve står dei fjellstøtt skulder ved skulder: «Han kika bort på Stig som no stod der med den hardaste sauestiren aust for Sauda». Det er både eit mørke, men også humor og varme i boka, som er skrive av debutanten Njord Svendsen.

Bildebokkunstnaren Akin Düzakin har illustrert boka. Det er nydelege, mørkeduse fargar mot grøne kontrastar. Det er akkurat passe skummelt.

Bomulv er ei bildebok som har fleire historier i seg, og er særs så aktuell for barn som har vore på flukt og andre som flyttar og kjem til nye stader. Bomulv skaffar seg også ny kunnskap som han tar med heim og reddar flokken frå å gå til grunne. Boka seier noko om at det å bli akseptert for den ein er er viktig for alle.

Bok: Bomulv
Forfattar: Njord Svendsen
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2016
Sider: 33
Passar for: 3-7 år

Andre bokmeldingar