Elise og mysteriet på Hesteøya

Nysgjerrige og dyreglade Elise er ute på sitt tredje oppdrag med veterinæronkelen Kalle

Heller ikkje denne gongen blir det roleg på vakt. Denne gongen er dei i veterinærteneste på vakre Hesteøya, og Elise har fått med seg venninna si Karin.

I det påskeroa skal senke seg over den idylliske øya i havgapet skjer merkelege ting. For på Hesteøya forsvinn islandshestar på mystisk vis, innflyttarar og bygdefolk står mot kvarandre, og midt oppi det heile svik Karin Elise når Elise treng henne mest.

Bok:
Forfattar: Anne Viken
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2014
Sider: 237
Passar for: Frå 10 år

Andre bokmeldingar