Eg er eg er eg er

Ruth Lillegraven si første diktbok for born er dikt for heile livet.

identicon
Måndag 18. april 2022

I boka Eg er, eg er, eg er ser me verda frå eit barn, ei jente innbiller eg meg. Ho er vilter, nyfiken, hoppande glad, trist, sint, forelska, sjalu, liten og stor. Ruth Lillegraven skriv godt, med eit levande, innhaldsrikt språk med rytme og bokstavrim:

eg glør og blør og brenn
bølgjar fram og tilbake
opp og ned

Lillegraven har godt blikk for store og mindre ting i livet, og kjenslene me opplever. Dei fleste kan finna dikt å kjenna seg igjen i – både born, ungdom og vaksne. Det handlar om å ta i mot verda som eit barn. For om ein går inn i kjerna i kjenslene våre, så er ikkje forskjellen så stor om ein går i førsteklasse eller er ferdig på universitetet.

Dikta er for alle, men er sett frå eit barn.

Kanskje er vaksne
berre store barn som
får bestemme sjølve

Dikta kan gjerne gjerne lesast i rekkefølgje, då dei har ei slags historie i seg, ordna etter årstidene. Kvar årstid opnar med ein flott og fargerik illustrasjon laga av Mari Kanstad Johnsen.

Ruth Lillegraven vart heidra med Brageprisen i 2013 for diktsamlinga Urd. Eg er eg er eg er er ein sterk kandidat til ein ny Bragepris. Dikta tåler å bli lese igjen, og igjen. Dei fortener å bli lese av alle.

Bok:
Forfattar: Ruth Lillegraven
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2016
Sider: 55
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar