Den mystiske krukka

Spennande bok om jakta på historia bak ei mystisk krukke.

Foreldra til Tore er skilde, og faren har flytta til Bergen saman med den nye kjærasten sin. Tore bur saman med mora si, som jobbar som reinhaldar.

Når den gamle politimeisteren skal flytte inn på ein aldersbustad, må huset hans tømmast, og mora til Tore får med seg ei gammal krukke heim. Krukka er full av gamle våpenskjold og figurar, og Tore synest ho er kul.

Tore tek krukka med på skulen for å vise ho fram. Gabriel, som går i klassen, tykkjer krukka er spennande. Tore veit ikkje så mykje om Gabriel, men han veit at han er oppteken av gamle dagar.

Gabriel meiner Tore må prøve å finne ut meir om denne krukka, og han oppfordrar Tore til å høyre med politimeisteren, som igjen tipsar om at Nasjonalmuseet i Skotland kanskje kan hjelpe han. Kva er det med denne krukka? Og kan ho vere verdifull?

Bok:
Forfattar: Solveig Blindheim Bendixen
Forlag: Utgjeve på eige forlag
Utgjevingsår: 2022
Sider: 95
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar