Cherub 12: Monsterbølgja – nervepirrande action

Monsterbølgja er den tolvte boka i serien CHERUB, som handlar om James Adams.

CHERUB er ein organisasjon nesten ingen kjenner til. Dei er ein del av den britiske etterretningstenesta, og dei rekrutter foreldrelause barn eller barn som familien ikkje vil ha noko med å gjere, og trener dei opp til å bli hemmelege agentar. Agentane er mellom ti og sytten år gamle, og bur i CHERUB-leiren, bortgøymt område på den engelske landsbygda. Sidan ingen mistenkjer at barn utfører hemmelege oppdrag, slepp dei unna med alle slags ting som vaksne ikkje slepp unna med, noko som er til stor nytte.

James Adams er no 17 år, og hans tid i den hemmelege organisasjonen CHERUB er snart over. Han førebur seg på eit siste oppdrag, å bli vener med og å vakte familien til forsvarsministeren i Malaysia i to dagar mens han skriv under på ein omfattande avtale om britiske militærkøyretøy og jetfly. Han ser ikkje på dette som noko perfekt siste oppdrag, men det utviklar seg til å bli langt meir spennande enn det høyrest ut som.

Fire år tidlegare, på ei trope-øy, fører ein tsunami til store øydeleggingar. Forsvarsministeren i Malaysia, guvernøren på øya, nyttar sjansen, og sender inn bulldosarar for å jamne landsbyane til urfolket på øya med jorda og deretter erstatte dei med luksushotell. Venen til James, Kyle Blueman, ein tidlegare CHERUB-agent, fortel om oppdraget han var med på tropeøya som blei ramma av tsunamien fire år tidlegare, i desember 2004.

Robert Muchamore skriv så verkeleg at man nesten skulle tru at han hadde vore hemmeleg agent sjølv. Monsterbølgja er spennande, action-fylt og nervepirrande, men etterkvart kan det bli litt vanskeleg å halde styr på kven som er kven, og kven som gjorde kva, for det er ganske mange personar med i boka. Det er også mange forskjellege personar som fortel, og det er litt forvirrande.

Monsterbølgja er den tolvte boka i CHERUB-serien. Ein bør ha lese dei tidlegare bøkene i serien først, men det går fint å ikkje ha gjort det, bortsett frå at det tek litt tid å sette seg inn i alle namna. Eg synest boka passar for ungdommar i alderen tolv år og oppover.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.

 

Bok: Cherub 12: Monsterbølgja
Forfattar: Robert Muchamore
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 333
Passar for: 9-14 år

Andre bokmeldingar