Cherub 11: Brigands MC – har alt du kan ønske deg!

Nok ei spennande bok i Cherub-serien!

Brigands MC er den ellevte boka i serien CHERUB, som handlar om James Adams. CHERUB er ein hemmeleg organisasjon som rekrutterer foreldrelause barn eller barn som familienn ikkje vil ha noko med å gjere. Når dei er 10 år, får barna ei hard opptrening for å bli hemmelege agentar, og når dei er 17 avsluttar dei karrieren sin som agentar.

I motsetning til dei andre bøkene i serien handlar ikkje denne boka heile tida om James, men også om Dante Welsh, som ein gong heitte Dante Scott. Første del av boka skjer fire og eit halvt år tidlegare enn resten av boka, og Dante fortel om korleis familien hans blei brutalt  drepne av ein mortorsykkelgjeng.

Robert Muchamore har endå ein gong levert ei bok som inneheld alt du kan ønskje deg. Historia er fortalt av fleire personar, men mest av Dante og James. Som dei andre CHERUB-bøkene er historia realistisk og kunne ha vore ekte. Boka liknar på dei andre bøkene i serien, men er ikkje for lik.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.

 

Bok: Cherub 11: Brigands MC
Forfattar: Robert Muchamore
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2018
Sider: 407
Passar for: 10-14 år

Andre bokmeldingar