«Slangens gåve»: Om å finne ut kven du er og akseptere det

Slangens gåve er den tredje av fire bøker som handlar om no 11 år gamle Dina Tonerre, skammaren si dotter.

Å vere skammaren si dotter, vil seie at kvar gong ho ser nokon inn i auga, kan ho sjå alt det dei skammar seg mest over, og få dei til å skammast for det. Derfor har ho ikkje så mange vener, men ho klarar seg med dei to ho har i tillegg til familien, Rosa og Nicodemus Ravens, berre kalla Nico. Ho bur saman med mor si, storebror Davin på 15 år, veslesyster Melli og ein av venene hennar, Rosa, som kjem frå vanskelege familieforhold i den fattigaste delen av byen Dunark. Dina veit ikkje kven som er far hennar, men hittil har ho klart seg heilt fint utan den informasjonen.

På Midsommarmarknaden i Høglandet krasjar Dina inn i ein framand mann. Det ho ikkje veit då, er at denne mannen kjem til å ha mykje å seie for ho dei neste månadene, ja faktisk resten av livet hennar. Seinare, då dei har komme heim att frå Midsommarmarknaden, forsvinn Dina si hoppe, Silke. Ho drar ut for å leite, og ender opp med å gå seg vill i tåka. Ein mann, den same som ho trefte på Midsommarmarknaden, hjelp ho med å finne attende til huset deira. Då mor til Dina, Skammaren, får sjå mannen som følgjer dottera hennar ut av tåka, stivnar ho til. 

Denne hendinga er starten på ei vill flukt frå den trygge landsbyen dei budde i, og ut i det ukjente. Men å gøyme seg for ein mann som du berre ser når han vil at du skal sjå han, som har evna til å manipulere tankane til folk og få dei til å drøyme, er ikkje enkelt. Og etterkvart byrjar Dina å oppføre seg merkeleg…

Lene Kaaberbøl har skrive ei utruleg god bok om å finne ut kven du er, og akseptere det, og om å passe inn i mengda sjølv om du er ulik alle andre. Boka er passar for alle i alderen 10 til 15 år, og er godt skrive, med akkurat passe mykje detaljar. Ein lever seg inn i historia og følgjer hovudpersonane gjennom glede og sorg, håp og fortviling.

Boka er spennande heile tida, sånn at ein ikkje går lei etter ei stund og blar vidare berre for å finne ut kva som skjer. Dina og Davin vekslar på å fortelje, og det er morosamt å sjå korleis måten ting blir fortalt på, korleis dei tenkjer og korleis dei beskriver ting rundt seg på, endrar seg frå når Dina fortel, til når Davin fortel. Sjølv om situasjonen dei er i er alvorleg, kan det likevel dukke opp morosame ting eller skildringar som får deg til å le.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.

Bok: Skammarserien 3: Slangens gåve
Forfattar: Lene Kaaberbøl (omsett til norsk av Øystein Rosse)
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 403
Passar for: 10-15 år

Andre bokmeldingar