Det spøker på fjellet

Simon og familien har arva ei hytte på fjellet av onkel Gunnar. Onkel Gunnar forsvann i fjellet plutseleg, og ingen veit korleis han blei borte.

Simon likar ikkje plassen og synest den er skummel. Vanlegvis er det mange turistar i fjellstua, men no er det heilt mørkt og tomt.

Når dei kjem til hytta, går pappa, Simon og søstera hans Sanne og henter vedkubbar. På veg tilbake til hytta ser Simon bort til fjellstua. Han ser eit par auger som lyser mot dei. Simon får ein dårleg følelse inni seg. Kva er det som foregår i fjellstua?

Han og lillesøstera hans Sanne blir kjent med nokon andre barn, men er det trygt å vere venner med dei? Mange som blei kjent med barna blei seinare funne døde i fjellvatnet. Klarer Simon å redde Sanne før det er for seint?

Boka var veldig kjekk å lese! Eg anbefaler denne boka frå 8 år og oppover. Den har mange fargerike bilde. Boka kan vere skummel for dei som er små. Dette er ei grøssande bok, som gir spenning.

Bok: Det spøker på fjellet
Forfattar: Sidsel Jøranlid
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2023
Sider: 112
Passar for: 8–10 år

Andre bokmeldingar