Bjørkebokstavar
Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha ei eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund.
Boka har mange korte tekstar og dikt. Boka skildrar undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet. Visste du forresten kvifor vi kallar ei hengebjørk for nettopp det? Det får du vite i eitt av dikta.
Du kan også lese om eit lam som kjem til verda, om løvetannfnugg, om knall og fall og mykje meir.
Bok:
Forfattar: Hilde Myklebust
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 64
Passar for: 9-12 år