Bålbaluba

Besta og Bo er på tur.

Dei skal grille pølser, og dei lagar eit fint bål med steinar rundt. Når det er på tide å tenne på, finn Besta ut at ho har gløymt fyrstikkene! Korleis skal dei klare å grille pølser da?
Kanskje dei kan nytte pinnar eller forstørringsglas?
Bålbaluba er den femte boka i Leseland-serien om Besta og Bo, og som vanleg går ikkje alt heilt somplanlagt. Her er det mykje humor og artige teikningar, og boka er lettlesen.

Bok:
Forfattar: Anna R. Folkestad
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 35
Passar for: 5-9 år