Verdas største rakett gjekk i bane rundt jorda

For første gong gjekk Starship i bane rundt jorda. Den enorme raketten sende ut 26 satellittar.

Måndag 28. september blei Starship skoten opp frå Texas i USA. Raketten er laga av SpaceX og er den største og kraftigaste som er bygd, skriv Space.com.

Dette var den 14. testferda. Ingen menneske var om bord.

Ein motor svikta

Ein av dei seks motorane i den øvste rakettdelen slutta å verka under oppskytinga. Likevel klarte denne delen å nå jordbane for første gong.

– Starship er i bane, stadfesta kontrollrommet.

Å vera i jordbane betyr at eit romfartøy bevegar seg rundt jorda. Starship plasserte òg 26 Starlink-satellittar i bane. Dei skal gi tilgang til internett.

Kortare ferd enn planlagt

Ferda skulle vara i nesten ti timar, men blei avslutta tidleg.

Etter tre timar og åtte minutt landa den øvste rakettdelen i Stillehavet. Han kom heil ned, men velta og eksploderte etter landinga.

Likevel hadde testen nådd dei viktigaste måla: å koma i bane og senda ut satellittane.

Skal kunna brukast om att

Starship er 124 meter høg når begge rakettdelane står oppå kvarandre. SpaceX ønskjer å kunna bruka begge delane fleire gonger.

Selskapet må framleis gjennomføra fleire testar før Starship kan frakta menneske.NASA planlegg å bruka ein eigen variant av Starship til å frakta astronautar ned til overflata på månen.