Det Internasjonale Barnekunstmuseet i Oslo har som mål å vise fram og vareta kunst laga av barn. Samlinga til museet består av 100 000 kunstverk laga av barn mellom 2 og 18 år, frå meir enn 180 forskjellige land.
– Ho (samlinga) dokumenterer barn sine perspektiv på krig, klima, migrasjon, utanforskap og tilhøyrsle. Museet varetek barn sine rettar til ytring og deltaking, skriv Det Internasjonale Barnekunstmuseet i ei pressemelding.
Dei skriv også at dette barnekunstmuseet er svært viktig, fordi det ikkje finst noko anna museum som viser fram kunst laga av barn og unge.
Manglar pengar
Frå nyttår 2026 mista Barnekunstmuseet den statlege støtta på 5,3 millionar kroner. Statleg støtte er pengar dei får frå staten, til å drive museet. Utan denne støtta kunne dei ikkje lenger halde dørene opne.
Oslo kommune har no foreslått å gi museet 2 millionar kroner i såkalla naudstønad i 2027.
– Dette er eit uvurderleg viktig bidrag, men ikkje nok til å sikre normal drift, står det i pressemeldinga.
I morgon, torsdag 1. oktober, fyller museet 40 år. Det blir inga feiring, men heller ei samling framfor Stortinget onsdag 30. september. Menneske vil samle seg her for å vise at det er viktig at staten brukar pengar på Det Internasjonale Barnekunstmuseet, så det kan halde fram med å samle og vise fram kunst laga av barn.






















