Kan dyrare klede få folk i Frankrike til å kjøpa mindre?

Billige klede frå Shein, Temu og AliExpress kan bli dyrare i Frankrike. Landet vil leggja ei avgift på kleda, slik at prisen kan gå opp.

Den nye avgifta kan bli så høg som 20 euro for eitt plagg. Det er det same som cirka 218 norske kroner. Ei avgift er ekstra pengar som må betalast til staten. Når det blir lagt ei avgift på eit klesplagg, kan prisen i butikken bli høgare. Slik vil Frankrike gjera noko med miljøpåverknaden frå selskap som lagar store mengder nye klede.

Ung.Forskning.no har snakka med klesforskar Anna Schytte Sigaard som trur at høgare pris kan få folk til å kjøpa mindre frå slike nettbutikkar. Men kleda er så billige i utgangspunktet at avgifta må vera høg for å gjera ein skilnad, meiner ho.

Gjeld ikkje H&M og Zara

Anna stiller også spørsmål ved at den franske avgifta ikkje skal gjelda europeiske kleskjeder som H&M og Zara. Ho meiner tiltak mot rask klesproduksjon bør gjelda selskap både i Kina og Europa.

Forskar Sarah Lisa Arnesen peikar på noko me sjølve kan gjera: bruka kleda våre lenger, reparera dei og tenkja gjennom kva me faktisk trivst i.

– Det handlar om å bli kjend med det ein allereie har i garderoben, seier ho til Ung.Forskning.no.