Derfor kjenner du plutseleg hjartet banka i brystet

Nokre gonger bankar hjartet roleg. Andre gonger kan det kjennast som om det hoppar, dunkar eller slår mykje fortare enn vanleg. Kva er det eigentleg som skjer?

Hjartet jobbar døgnet rundt, heile livet. Men kvifor legg me eigentleg berre merke til det av og til?

Hjartet er ein muskel som pumpar blod rundt i kroppen. Blodet fraktar oksygen og næring til alle delar av kroppen, slik at hjernen, musklane og organa kan gjera jobben sin.

Sjølv når du søv, held hjartet fram med å slå.

Kvifor bankar det fortare?

Når du spring, leikar eller syklar, treng musklane meir oksygen. Då slår hjartet fortare for å pumpa meir blod rundt i kroppen.

Det same kan skje dersom du blir redd, nervøs eller veldig glad. Hjernen sender då signal om at kroppen må vera klar til å reagera. Eit hormon som heiter adrenalin, gjer mellom anna at hjartet slår raskare.

Kvifor kjenner me det plutseleg?

Hjartet slår heile tida, men vanlegvis sorterer hjernen bort kjensla av slaga. Når hjartet slår ekstra fort eller kraftig, er det lettare å leggja merke til slaga. Derfor kan du kjenna at det bankar i brystet etter ein løpetur eller rett før du skal halda ei framføring.

29. september er Verdas hjartedag! GIF: Giphy.com

Kor mange gongar slår hjartet?

Eit barn sitt hjarte slår ofte mellom 70 og 100 gongar i minuttet når kroppen kviler, men pulsen kan bli mykje høgare når ein er i aktivitet.

I løpet av eitt døgn slår hjartet over 100 000 gongar. Hos barn kan det vera endå fleire. Det er som regel heilt normalt å kjenna hjartet banka av og til. Dersom det ofte bankar veldig fort utan at du veit kvifor, eller du samtidig blir svimmel eller får vondt, bør du seia frå til ein vaksen.

Har du kjent hjarta banka skikkeleg fort?

Har du kjent hjarta banka skikkeleg fort?

Under trening 1
Då eg var redd5
Då eg gleda meg 0
I mange situasjonar0
Svar totalt: 6

 

Kjelder: Helsenorge, Store norske leksikon, NHI