Redd for å dumme deg ut?

Mange er redde for å gjere feil eller seie noko dumt framfor andre. Men dersom frykta får bestemme, kan ho halde deg tilbake frå ting du eigentleg har lyst til å gjere.

Kanskje gruar du deg til å halde ein presentasjon, prøve ein ny aktivitet eller snakka med nokon du ikkje kjenner så godt?

Ifølgje Ung.no er det heilt vanleg å vera redd for å dumme seg ut. Mange kjenner på den same frykta.

Å gjera feil er naturleg

Sjølv om det kan kjennast skummelt, blir me ofte tryggare når me vågar å prøve. Kvar gong du utfordrar deg sjølv, lærer du at du kan klare meir enn du trudde.

Ingen får til alt på første forsøk. Å gjera feil er ein naturleg del av det å lære nye ting.

Dersom du brukar mykje tid på å bekymra deg for kva andre tenkjer om deg, kan det vera lurt å snakka med ein vaksen du stolar på.

Er du redd for å dumme deg ut?

Er du redd for å dumme deg ut?

Ja.1
Av og til.1
Sjeldan.0
Nei.0
Svar totalt: 2