– Hovudårsaka til denne enorme mengda utslepp er flytransport, seier den engelske miljøforkjemparen Freddie Daley til NRK.
Han er ein av tre forskarar som har skrive rapporten «FIFAs klimablindsone». Dei slår fast at utsleppa frå årets fotball-VM i USA, Canada og Mexico er nesten dobbelt så store som tidlegare meisterskap.
Totalt vil det sleppast ut heile ni millionar tonn CO₂ – noko som svarer til 20 prosent av Noregs totale utslepp i løpet av eit heilt år.






















