Turistforeningen og Noregs Mållag har samarbeida om å gjere dei tradisjonsrike reglane tilgjengelige på begge målformer. Her er dei på nynorsk.
Fjellvettreglane
- Legg ikkje ut på langtur utan trening
- Meld frå kvar du går
- Vis respekt for vêret og vêrmeldingane
- Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev
- Lytt til erfarne fjellfolk
- Bruk kart og kompass
- Gå ikkje åleine
- Vend i tide, det er inga skam å snu
- Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt