Den Demokratiske Republikken Kongo
- Ofte berre kalla DR Kongo.
- Innbyggjartal: 109,3 millionar.
- Hovudstad: Kinshasa.
- Språk: fransk.
- Nasjonaldyr: okapi (ein type sjiraff).

Kjelde: Vesle norske leksikon
FN sin helseorganisasjon WHO har no gått ut og åtvara om at det er i ferd med å utvikle seg ein katastrofal situasjon i DR Kongo.
Den siste tida har det utvikla seg eit ebolautbrot i Sentral-Afrika, og DR Kongo er eitt av landa som har blitt råka av utbrotet.
Ebola er ein alvorleg sjukdom. Når det gjeld ebolavarianten som no spreier seg i DR Kongo, er det mellom 30 og 50 prosent som døyr dersom dei blir smitta. Det finst foreløpig ingen vaksine eller behandling mot denne varianten av ebola.
Vanskeleg å hjelpe
I DR Kongo har omkring 1000 menneske fått sjukdommen, og over 200 har døydd. Samstundes er det vanskeleg å gjennomføre arbeidet med å stoppe spreiinga, fordi det skjer krigshandlingar i landet.
Det er nemleg konflikt mellom væpna grupper og det kongolesiske militæret. Det er i dei austlege delane av DR Kongo at konfliktane er verst. Her skjer det stadig bombingar og valdshandlingar. Som følgje av krigsføringa har ikkje menneska tilgang på nok mat, noko som gjer at 10 millionar menneske lever i svolt i dette området.
Det er også i den austlege delen av DR Kongo at ebolautbrotet er verst.
Det er ingen grunn til å bekymre seg for at ebolaviruset skal spreie seg til Noreg.






















