Hongkong
- Hongkong er eit sjølvstendig område i Kina, aust i Asia.
- At Hongkong er sjølvstendig betyr at dei er ein del av Kina, men at dei bestemmer mykje av politikken sjølve.
- Hongkong består av 200 øyer.
- Litt meir enn dobbelt så stort som byen Oslo.
- Innbyggjartal: 7,5 millionar.
- Språk: Kinesisk og engelsk
- Nasjonaldyr: Panda

Kjelde: Vesle norske leksikon
Cheung Chau bollefestival har vore ein tradisjon på øya Cheung Chau i Hongkong i over hundre år. Festivalen var opphavleg ei religiøs markering i fiskarsamfunna på øya og gjekk den gongen ut på å be om beskyttelse mot piratar.
No handlar festivalen først og fremst om å vise fram kinesisk tradisjon og å feire fred og tryggleik. Festivalen skjer årleg over sju dagar i april eller mai, og i tre av desse dagane et alle på øya vegetarisk mat. Til og med McDonald’s sluttar å selje kjøt desse dagane.

Det menneska på Cheung Chau rett nok et mykje av under feiringa, er bollar. Festivalen har nemleg fått namnet sitt etter dei tradisjonelle kinesiske, dampa bollane Ping On Bao, som står i fokus desse sju dagane.
Bollefestivalen blir også markert av barn og vaksne som kler seg i tradisjonelle kinesiske klede og går i paradar. Mange barn blir borne på stativ i paradane og vinkar til tilskodarane, slik du kan sjå på dei tre toppbilda.
Ei anna viktig hending under festivalen er bollefanginga. Ho går ut på at deltakarar skal fange flest mogleg bollar frå eit nesten 20 meter høgt tårn som er dekt av bollar. Desse bollane er rett nok laga av plast.






















